Nyheter

Artikkel om analysemetoder for påvisning av Lyme borreliose

Sørlandet Sykehus HF og NLBF fekk i 2012 midlar gjennom Extrastiftelsen til prosjektet «Flått dialog», der hovedformålet var å etablere kontakt og tillitsskapende aktivitet. Den opne diskusjonen om diagnostikk og behandling av borreliose har gått med stor intensitet gjennom mange år,

og ikkje sjeldan blir laboratoriestøtte for diagnostikk eit hovedtema.

 

 

ExtraStiftelsenSom del av leveransen til Extraprosjektet har SSHF laga ein artikkel med presentasjon av dei mest omtala analysemetodane. Dokumentet er på 14 sider og har ei fyldig referanseliste. Artikkelen er absolutt lesverdig. Forfattarane har innleiingsvis gjort greie for viktige begrep, og dei deler stoffet logisk inn i direkte og indirekte metodar. Vi trur at mange vil ha særleg nytte av å lese avsnitta om prinsippa bak testane. Artikkelen er skriven på norsk, og den er forholdsvis lettlest. Vi trur likevel at det er ein fordel med ein viss bakgrunn i biologiske fag for å kunne lese og forstå dokumentet.

 

Vi trur at artikkelen hadde blitt betre med reinare fokus på metodar og teknikkar, utan å integrere subjektive vurderingar av eige og andre sitt virke.  Det er kjent for alle partar at NLBF er kritisk til mykje av dagens praksis i helsevesenet på dette området, og vi les delar av dette dokumentet som ein bekreftelse på at skillet mellom vedtatt biologi og evidensbasert medisin ikkje alltid er tydeleg. NLBF har hovedfokus på pasientar med alvorleg og langvarig sjukdom, og kunnskapsgrunnlaget for å ta vare på denne gruppa er ikkje godt nok. Tema for artikkelen er “Analysemetoder for påvisning av Lyme borreliose”. Sett frå vårt perspektiv er kvalitetssikring av grunnlaget for å utelukke pasientane frå hjelpeapparatet minst like viktig.

 

Les artikkelen her

Følg oss