Nyheter

Vellykka møte om diganostikk av borreliose

Møtet om diagnostikk av borreliose som blei avvikla 16. november, var eit samarbeide mellom Norsk Lyme Borreliose-Forening og Sørlandet sykehus HF. Møtet var åpent for alle, og både pasientar, pårørande, legar og andre interesserte var mellom dei omkring 60-70 frammøtte.

Gode fordrag, både frå dei to inviterte internasjonale foredragshaldarane og dei norske frå SSHF, og ikkje minst frisk diskusjon til slutt, bidro til eit vellykka arrangement.

 

leona francFørste fordrag var ved Dr. Leona Gilbert, fra Universitetet i Jyväskylä i Finland. Ho er ledar for ei forskergruppe der dei arbeider med autoimmune og kroniske sjukdommar, også infeksjonar som årsak til kronisk sjukdom. Ho snakka mellom anna om forskjellige former som Borrelia-bakterien kan innta, om metodar dei brukar i laboratoriet for å studere desse formene, og om mulig klinisk betydning av desse ulike formene. Ho viste mikroskopbilder av Borrelia spirocheter, "blebs", round bodies og biofilm, foto av alle former med forskjellige teknikkar, mellom anna farging av DNA . og så med spesifikk merking av DNA slik at det viser at det er levande bakterier vi ser. Ho snakka også generelt om problema med diagnosikk av norreliose, og om forhold det er viktig å tenke på. Ho har vore sentral i EU-prosjektet Hilysens http://www.hilysens.eu/ der målet er å utvikle ein sensitiv, spesifikk og billig test; "lab-on-a-chip". I foredraget sitt fortale ho om prinsipp bak denne testbrikka, på størrelse med eit bank-kort, og om planar for å få testa den grundig slik at den kan komme på markedet. Uansett kommersialisering av produktet, lova ho at forskningsarbeidet som ligg bak, vil bli publisert så snart det er mulig.


Dr. Franc Strle, fra University Medical Centre i Ljubljana , hold sitt foredrag med tittel "Influence of Borrelia species on clinical presentation of Lyme Borreliosis". Strle har lang erfaring med forskning og klinisk arbeide med borreliose. I Slovenia er det registrert 5-6000 tilfeller av LB kvart år, då er alle former for LB inkludert, også EM som står for over 80 % av tilfella. Forekomsten dei har registrert av kronisk (late) LB, låg omkring 5-6 % av alle påviste tilfelle. Dersom ein trekker fra tala han hadde på EM, ugjorde andel kronisk LB (sjukdom med varighet > 6 månader) om lag 30% av dei resterande tilfella. Strle viste at det er forskjell mellom Borrelia-arter måten infeksjonen viser seg. Borrelia afzelii gir EM og ACA i større grad enn Borrelia garinii, mens Borreelia garinii i større grad gir nevroborreliose. Strle viste ein masse data med utgangspunkt i EM og kva for symptom dei fann hos pasientar med dei forskjellige Borrelia-artane. Han fortalte også om studien der dei hadde dyrka Borrelia-abkterier fra spinalvæske fra ei rekke pasientar, og om forskjellane i funn mellom pasientar som hadde Borrelia garinii og dei som hadde Borrelia afzelii. Pasientane med B.afzelii hadde generelt hatt symptom over lengre tid, og hadde meir diffuse symptom og markert mindre unormale funn i spinalvæske.


Neste foredragsholder var Sølvi Noraas, SSHF, som snakka om diagnostikk av borreliose. Ho gjekk gjennom dei forskjellige analysemetdodane som fins, om korleis SSHF vurderer fordelar og ulemper ved dei forskjellige metodane, og dermed grunnlaget for dagens praksis i norsk helsevesen. Grunnlaget for foredraget var artikkelen som blei skriven i forkant av møtet http://www.lyme.no/index.php/nyheter/387-artikkel-om-analysemetoder-for-favisning-av-lyme-borreliose


Etter mat-og –prat-pausen hadde Randi Eikeland eit innlegg der ho fortalte meir om funksjonen SSHF har fått som "Nasjonal kompetansetjeneste for flåttbårnesykdommer". Åshild R. Lorentzen snakka om forskning ved SSHF. Begge desse presentasjonane er lagt ut her. Sjøl om det kan vere vanskelig å få heilt sammenheng i innhaldet av presentasjonane åleine, er det greit for dei som ikkje kunne vere tilstades på møtet å få litt innblikk i det som blei lagt fram.


Forskningsprosjekter på Sørlandet sykehus (PDF)

Presentasjon fra Randi Eikeland (PDF)

panel
Vi hadde satt av ganske mykje tid til diskusjon, og takka vere eit engasjert publikum fekk vi ein interessant og frisk diskusjon. Mange viktige spørsmål blei tatt opp, og det såg ut til at alle syntes det var greit å kunne møtes ansikt til ansikt og diskutere på denne måten.

Følg oss