Nyheter

NorTick 2013

Årets samling i NorTick, flåttforskernettverket i Norge, blei arrangert i Oslo 6. og 7. februar.  Møtet samla rekordmange deltakarar dette året. Som vanleg var det folk med veldig forskjellig bakgrunn, både legar, veterinærar,  biologar ;  folk frå helsevesen, forsking, forvaltning, og andre interesserte.

 

Det var to inviterte fordragsholdere.  Sara Randolph snakka om utbredelse av flåttbårnesjukdommar(TBD). Det var ein del data om faktorar som påvirkar utbredelsen av TBD, eksempelvis omkring  klimaendring. Det var interessant å høre om forskning som viser  at også sosio-økonomiske faktorar kan spele inn. I Østeuropa har tilfeller av TBD auka når økonomien har blitt dårlegare, og folk må ut i skogen for å plukke sopp og bær som bidrag til inntektene.

Den andre inviterte forsdragsholdaren var Hansotto Reiber, som snakka om ”Nevroborreliose – analyse, tolking og ekstern kvalitetskontroll av immunglobulinmønster og og spesifikke antistoff i spinalvæske”

Første dag av samlinga var fylt opp med mange foredrag, der det meste av store og små forskningsprosjekt blei presentert. Mange av dei omhandla prosjekt på flått og biologi, men det var også mange frå human medisinsk side. NLBF presenterte prosjektet som vi har fått frå Extra (link). Dette var ein felles presentasjon med Sørlandet sjukehus, som kun omtala bakgrunn og planar for prosjektet..

Preben Aavitsland hadde eit innlegg om ”Informasjonsutveksling mellom pasientar på internett – eksempel” der han plukka ein del eksempel på kva pasientar skriv. Han viste eksempel frå informasjonssider, bloggar og opne forum.  Om formålet var å vise kor kunnskapslause, og naive, pasientane er, eller om det var å vise at det fins mange fortvila menneske som ikkje får hjelp, er eit åpent spørsmål.

På dag 2 av konferansen var det lagt opp til debatt av meir kontroversielle spørsmål.  Analyser, spesielt bruk eller ikkje bruk av CD57 og cellulære testar (Elispot LTT) var eitt tema. Det kunne virke som om dei fleste var enige i at CD57 er for lite spesifikk til å ha nokon praktisk nytte i diagnostikk av borreliose. Å vurdere bruk av cellulære metodar som Elispot LTT var det meir opning for, også i dei etablerte fagmiljøa. Prinsippet for metoden er velkjent og akseptert, og i bruk for andre sjukdommar.

Rolf Luneng frå Norsk Borreliosesenter stilte opp med eit innlegg om ”Behandling av kronisk nevroborreliose”.  Høgaste temperatur i debatten kom nok då han blei utfordra til å svare på spørsmål om både diagnostisk praksis, kriterier for å sette diagnose, og på spørsmål om resultat av behandling, dvs erfaringsdata frå NBS.

I løpet av debatten var det mykje fokus på at vi har ei pasientgruppe som ikkje får hjelp. Dette er til dels alvorleg sjuke menneske med samasette og ofte diffuse plager og symptom. Det er pasientar som opplever at helsevesenet ikkje hjelper dei vidare, at dei havnar i eit vakum der ingen tar ansvar for dei. Det var diskutert om ein kunne opprette eit senter for menneske med diffuse kroniske plager, der denne pasientgruppa får hjelp til vidare utredning. Det er ikkje nødvendigvis borreliose som er årsak til sjukdom for alle, men det er viktig å kunne sortere rett. Der det er andre årsaker til sjukdom, er det også viktig å for pasienten å få stilt rett diagnose.

 

 

Presentasjonar frå møtet blir etter kvart lagt ut på www.nortick.no

Følg oss