Finnes det flått over heile landet?
Nei – nordgrensa for flått går ein eller annan stad i Nordland – kanskje opp mot polarsirkelen – og den overvintrar heller ikkje i innlandet. Det er likevel registrert flått på mindre lokalitetar i innland og langt nord i landet. Det kan vere grunn til å anta transport med fugl. Det blir hevda at det er flest flått på sør- og sørvestlandet, men statistikken er på ingen måte sikker. Langs heile kyststripa opp til Nordland er flåtten svært vanleg.