Laboratorietester

Det fins ingen 100 % sikker test for å påvise ein Borrelia-infeksjon. Dette er faktisk alle fagfolk enige om. Derfor står det i så og seie alle artiklar om Lyme borreliose at dette til sjuande og sist er ein klinisk diagnose, og at laboratorietestar skal brukast som støtte for å stille diagnose. Det betyr at legen først og fremst skal sjå på sjukehistoria og symptoma, og at positive funn i laboratorietestar kan vere med og underbygge ein sannsynleg diagnose. Ein negativ test skal aldri kunne brukast for å seie at ein pasient ikkje har Lyme borreliose, hvis sjukdomsbildet ellers tyder på at det kan vere det. 

Situasjonen for dei fleste, hvis sjukdommen har blitt kronisk, er at dei ikkje har eintydige bevis på infeksjon. Då vil legen naturlegvis utføre testar for å få hjelp til å stille rett diagnose. Kva slags testar er dette? Kva viser dei eigentleg?
I prinsippet kan det gjerast to typar testing:

Direkte testing: metodar for å finne bakterien og vise at den er i kroppen no. I denne kategorien har vi dyrking, påvisning av DNA (PCR) og ulike mikroskopi-metodar.

Indirekte testing: stort sett metodar for å finne antistoff, stoff (protein) som kroppen produserer som reaksjon på bakterien, og som viser at bakterien har vore der på eit eller anna tidspunkt. Desse metodane beviser ikkje at bakterien er der no, men kan vere med og sannsynleggjere det. I denne gruppa har vi teknikkar som Elisa, Western Blot, ELISspot, Immunkompleksmålingar, LTT og CD57.

Sikre kliniske observasjonar: Erythema migrans (EM), det typiske utslettet som enkelte får etter flåttbitt, er eit sikkert bevis på Borrelia-infeksjon. Dette utslettet kjem vanlegvis innan ein månad etter flåttbittet, men ikkje alle som er smitta får det (ca. 50 %). EM (Erythema migrans) Se blider av ulike Erythema migrans utslett her.  ACA er rekna som eit sikkert teikn på sein, kronisk LB ACA (Acrodermatitis Chronica Atrophicans). Mange legar meiner at ansiktslammelse (Bell’s parese) sett i forbindelse med andre typiske kliniske symptom kan indikere Lyme borreliose.

Om tolking av antistofftestar: Tolking av serologiske testar er omdiskutert. Her er linkar til meir bakgrunnsstoff for den som ønsker å gå djupare i dette
Carl Brenner’s artikkel ”Explanation of the Lyme Disease Western Blot” eller Link til arbeide i regi av EUCALB for å forbedre og standardisere testing i Europa

  • PCR – påvisning av DNA

    PCR: (Polymerase Chain Reaction) er enkelt sagt ein analysemetode som finn genetisk materiale (DNA) frå bakterien i prøver. Det er ofte lav treffprosent på denne analysemetoden, særleg i blodprøver. Det er lite bakterielt DNA i blod, bakteriane er ofte etablert i forskjellige vev, og vil ikkje vere i sirkulasjon i blodet i store nok mengder konstant. Dette betyr at det er liten sjanse for å finne bakterien sjøl om den faktisk er i kroppen. Men: positivt svar er så nært som det er mulig å kome til bevis for infeksjon. Får du negativt svar så beviser det ikkje noko anna enn at dei ikkje klarte å finne det. Om PCR: http://no.wikipedia.org/wiki/PCR

    PCR-teknologien er i rivande utvikling, og foreløpig siste generasjon er RealTime PCR. Ved bruk av RT PCR går heile prosessen i lukka miljø, og faren for tilfeldig forurensing på laboratoret blir dermed mindre (ved gode rutiner omtrent null).

    Kvart laboratorie har sine egne – ofte patenterte – rutiner rundt PCR-analyser. Dette går både på metodikk for å ekstrahere DNA frå materialet, og på primer (‘mal’) som blir brukt. I praksis betyr dette at sensitivitet kan variere betydeleg mellom laboratoria.

    PCR-teknikken gjer det mulig å duplisere ørsmå mengder DNA. Forutsatt at PCR kan levere tilstrekkelige mengder materiale, kan mange laboratorium tilby sekvensiering av DNA. Ved hjelp av sekvensiering kan den ‘genetiske strekkoden’ lesast, og du har grunnlag for å bestemme art / strain.

    RealTime PCR har gitt fleire nye muligheiter i forhold til tidlegare generasjonar – lavare risiko for tilfeldig forurensing er nemnt. RT PCR gir (i alle fall i prinsippet) også muligheiter for kvantifisering. Dette er relativt nytt, og det blir på fleire hald jobba med metodikk og rutiner for å tilby dette som rutinetesting, og som støtte for å evaluere behandling. Så langt vi veit er dette eksperimentelt, og foreløpig ikkje implementert som kommersielt tilbud.

  • Mikroskopi

    Påvisning ved hjelp av mikroskopi er krevande, og med mange mulige feilkilder. Avansert mikroskopi har imidlertid eit stort ubrukt potensiale i forbindelse med borreliose.

    Immun fluorescens er ein anerkjent metode for å påvise bakterien. Denne teknikken går ut på å ”merke” bakterien med fluorescerende farge, som lyser opp når ein studerer preparatet i spesielt mikroskoputstyr. Dette er ein sikker metode for påvisning, men er ikkje brukt i standard diagnostikk. Om immunofluorescens på Wikipedia

  • Dyrking av bakterien

    Dyrking av bakterien har i praksis vist seg å vere ein lite egna metode for å påvise infeksjon. Årsaken til dette er at det er vanskeleg å finne eit godt og stabilt dyrkingsmedium, inkubasjonstida er lang og heile prosessen er svært arbeidskrevande, og alt i alt har metoden lav sensitivitet. Men: Om bakterien skulle bli påvist gjennom for eksempel dyrking og påfølgande PCR, så er dette eit udiskutabelt bevis for infeksjon.

    Om dyrkingsmetode og medium

  • WB (Western Blot)

    WB (Western Blot): blir mest brukt til å bekrefte positive funn i ELISA/EIA, og gir meir detaljert informasjon om antistoffa. Det er ein teknikk som kan identifisere antistoff (protein) som er spesifikke for Borrelia. Ulike karakteristiske protein for bakterien er fordelt på ein test-strip, dersom serumprøven inneheld antistoff mot desse proteina vil det danne seg tydelege band på test-stripen. Det er desse banda vi meiner når vi snakkar om p31, p39, p41, og så vidare. Utfordringa med metoden er å tolke resultata, å vite kva for band som er viktige. Det blir sagt at IgM tyder på pågåande infeksjon, men at IgG tyder på tidlegare infeksjon. Det blir ofte sagt at nivå av IgG vil vere vedvarande hos pasientar som har hatt infeksjon, og at IgG derfor ikkje kan brukast som indikasjon på aktiv infeksjon. Det er likevel erfaringar som tyder på at dette ikkje alltid stemmer. Western Blot er tilgjengeleg i fleire kommersielle laboratorium. Om WB på Wikipedia

  • Immunkompleks

    Antistoff kan bli bunde i store kompleks saman med bakteriane eller fragment av bakteriar. Desse immunkompleksa sirkulerer i blod, og dei kan finnast i spinalvæske og leddvæske. Hvis ein stor andel av antistoffa er bunde opp i slike kompleks, vil dei ikkje bli fanga opp i dei vanlege antistofftestane. Immunkompleks blir av mange sett på som ein sikker måleparameter både i tidleg og seint stadium av Lyme borreliose, men dette er ikkje ein test som er generelt tilgjengeleg i Norge.

  • LTT – Lymphocyte Transformation Test

    Prinsippet for denne testen er at ein isolerer og oppkonsentrerer lymfocyttar frå friskt blod og undersøker om dei ”kjenner igjen” typiske protein frå bakterien. Desse proteina kan vere rekombinante antigen, dvs. at det er protein som er laga ut frå den kjente genetiske koden til ein del typiske protein frå bakterien. Hvis lymfocyttane reagerer kraftig på antigena, blir det tolka som at det er svært sannsynleg at pasienten har ein aktiv infeksjon. Denne metoden er ikkje i bruk i Norge, men er tilgjengeleg i fleire kommersielle laboratorium i Europa.

  • CD57

    • CD57 er ei undergruppe av NK (Natural Killer) celler, som er ein del av kroppens immunforsvar. Mange legar som behandlar pasientar med kronisk Lyme Borreliose har erfaring for at nivået av CD57 kan vere svært lavt hos desse pasientane, og at dette er karakteristisk for Lyme Borreliose. Det er lite publisert vitenskapleg dokumentasjon for denne samanhengen, men mange legar meiner likevel at dette er eit godt hjelpemiddel både som støtte for diagnostisering og for å evaluere effekt av behandling for Borreliose.
      Les meir

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss