WB (Western Blot)
WB (Western Blot): blir mest brukt til å bekrefte positive funn i ELISA/EIA, og gir meir detaljert informasjon om antistoffa. Det er ein teknikk som kan identifisere antistoff (protein) som er spesifikke for Borrelia. Ulike karakteristiske protein for bakterien er fordelt på ein test-strip, dersom serumprøven inneheld antistoff mot desse proteina vil det danne seg tydelege band på test-stripen. Det er desse banda vi meiner når vi snakkar om p31, p39, p41, og så vidare. Utfordringa med metoden er å tolke resultata, å vite kva for band som er viktige. Det blir sagt at IgM tyder på pågåande infeksjon, men at IgG tyder på tidlegare infeksjon. Det blir ofte sagt at nivå av IgG vil vere vedvarande hos pasientar som har hatt infeksjon, og at IgG derfor ikkje kan brukast som indikasjon på aktiv infeksjon. Det er likevel erfaringar som tyder på at dette ikkje alltid stemmer. Western Blot er tilgjengeleg i fleire kommersielle laboratorium. Om WB på Wikipedia