NorTick – Møte i flåttforskernettverket i Norge
Den 10. og 11. Februar var det møte i NorTick, flåttforskernettverket i Norge. Møtet var i Tønsberg, i lokaler på Sykehuset i Vestfold. Formålet med møtet var informasjonsutveksling og diskusjon omkring flått og flåttbårne sykdommer. Det var deltakarar frå svært forskjellige miljø, både innan humanmedisin, veterinærmedisin og biologi, og det var deltakarar frå forvaltning og frå pasientforeiningane.
Dei første foredraga tok opp problema med borreliadiagnostikk basert på serologi, og demonstrerte klart kor vanskeleg det kan vere å tolke slike analyser rett. –Og demonstrerte dermed også behovet for å få sikrare metodar for direkte påvisning av bakterien, i praksis PCR. Det var også foredrag om cyster og cystedanning, og om immunkompleksmålingar som aktivitetsmarkør
Det var litt diskusjon omkring PCR, både problem knytta til analysemetodikk, og praktisk bruk av analysene. Det er gjort ein del PCR-analyser av flått (Universitetet i Agder). Dei fann at 25-30% av flåtten var infisert med Borrelia i områda dei undersøkte, og at største delen var Borrelia afzelii.
Anaplasma er vanleg i flått her i landet, og det er eit stort helseproblem i sau. Dette var tema for fleire foredrag. Det var også fleire foredrag som tok for seg utbredelse av flått, og faktorar som kan påvirke dette, eksempelvis lengde på vekstsesong, varighet av snødekke og temperatur gjennom året.
Randi Eikeland og Unn Ljøstad snakka om oppfølging av pasientar etter behandling for nervroborreliose. Eikeland: 30 månader etter behandling seier 44% av pasientane at dei ikkje er friske. Dei er signifikant meir plaga med utmattelse (fatigue) enn kontrollgruppa. Ljøstad: kartlegging av pasientar som trur dei har kronisk borreliose; kva er riskiofaktorane for å ha restplager eitt år etter behandling for nevroborreliose? Viktigste risikofaktor var sykdomsvarighet over 6 månader…
Heilt til slutt var det litt informasjon om prosessen i Helsedirektoratets arbeidsgruppe. Harbo, som leda denne gruppa, presiserte at rapporten fortsatt har status som arbeidsgruppas rapport til Helsedirektoratet. Helsedirektoratet har ikkje bestemt seg for kva som skal skje vidare.
I rapporten til Helsedirektoratet er det forslått å opprette ein borreliapoliklinikk med landsfunksjon. Det vart sagt på møtet at dette sannsynlegvis vil få politisk støtte, og at dei mest truleg vil gå inn for å legge denne funksjonen til Kristiansand. Mellom anna fordi dei har størst forskningsaktivitet på borreliose. –Men at det sjølvsagt var viktig med den kliniske erfaringa dei har i Tønsberg…
Til slutt var det litt diskusjon omkring pasientforeningane sin rolle. Enkelte stilte spørsmål ved det at foreningane var tatt med i arbeidsgruppa i det heile, men Harbo sa at det var heilt bevisst frå Helsedirektoratet si side at foreningane var representert, og andre var også klart positive til dette.
Inntrykket frå NorTick-møtet er at sjøl om fleirtalet av medisinarane som arbeider med dette er uenige med oss, så har i alle fall deler av miljøet ein viss respekt for våre synspunkt. Mange av dei erkjenner at det er mangel på kunnskap innafor fleire felt.