NorTick 2012- Møte i flåttforskernettverket i Norge
Årets samling i NorTick, flåttforskernettverket i Norge blei arrangert i Skien 8. og 9. februar, ved Telemark sykehus Skien. Møtet samla som vanleg folk med veldig forskjellig bakgrunn, både legar, veterinærar, biologar ; folk ansatt i helsevesen, forsking, forvaltning og legemiddelindustri.
Det er ganske spesielt å ha ein arena der ei så variert gruppe fagfolk møtes for å presentere forskningsprosjekt og diskutere flått og flåttbårne sjukdommar. Det er viktig for oss i pasientforeninga å delta på desse samlingane, det er ei god anledning for oss til kontakt og dialog med fagmiljøa.
Dei første innlegga på møtet tok for seg TBE, forekomst og diagnostikk. Antall påviste tilfelle aukar raskt i Finland og Sverige, men ikkje like raskt i Norge. Folkehelseintituttet har utvikla ein PCR-metode for bruk i diagnostikk. Undersøkelsar i vilt viser at dyr kan ha antistoff for TBE på Vestlandet. For eksempel kan Møre og Romsdal kanskje ha TBE, men dette blir i praksis aldri vurdert som årsak til encefalitt i dette området. For at TBE-smitte skal finnast over tid i eit område er det spesielle krav til klima. Sesongen må vere lang nok til at det er forhold for co-feeding med forskjellige flåttstadier.
Vidare innlegg gjekk på Borrelia-diagnostikk og informasjon frå pågåande prosekt som STING-studien, og eit doktorgradsprosjekt på behandling av EM i allmennpraksis. Målet med det siste prosjektet er å samanlikne tre forskjellige medikament, og sjå om det er forskjell i effektivitet av behandling slik den blir gitt av fastlegen i en normal situasjon.
Det er ein del prosjekt på gang på dyrehelsesida, særleg om anaplasmose, og også prosjekt for å kartlegge patogener i flått med tanke på beitebruk og dyrehelse. Eitt innlegg tok for seg hjortelusflue, og Bartonella som ein ”ny” vektorbåren patogen i Norge. Bartonella er funne i hjortelusflua og i elg, og spørsmålet er om den også finst i flått.
Eit prosjekt i regi av Bioforsk, ”Tickless”, har eit interessant delprosjekt som går på biologisk bekjemping av flått. Dei skal undersøke om det er mulig å bruke organismar som fins i norsk natur og som er flåttens naturlege fiendar, til å redusere bestanden av flått. Det er snakk om for eksempel spesielle arter av sopp som kan drepe flått. Dersom slike tiltak ser ut til å vere effektive, kan det kanskje brukast til å redusere flåttbestanden både i beiteområde og i mykje brukte turområde.
I fjor blei Norsk Lyme Borreliose-Forening godkjent som søkerorganisasjon i Extra-stiftelsen, og på årets NorTick samling fekk vi anledning til å ha eit innlegg for å orientere om mulighetene som ligg i å søke prosjektmidlar der. Vi presenterte kort våre ønske og prioriteringar for aktuelle tema til nye prosjekt, og kom med ein open invitasjon til samarbeid om gode og framtidsretta prosjekt.
Presentasjonar frå møtet blir etter kvart lagt ut på www.nortick.no