Sammenligning av behandling med doxycyclin og IV ceftriaxon

Eit norsk forskningsarbeid fekk mykje oppmerksomhet då det blei publisert i 2008, både i media og blant helsepersonell. Mange Borrelia-pasientar som meiner dei har behov for forlenga antibiotikabehandling blir avvist med henvisning til dette arbeidet. Rapporten blir brukt som argument for at langvarig antibiotikabehandling ikkje er nødvendig, og den blir brukt som grunnlag for å anbefale doxycyclin monoterapi.  Men – gir rapporten grunnlag for desse påstandane?

Oral doxcycline versus intravenous ceftiaxone for European Lyme neuroborreliosis: a multicentre, non-inferiority, double-blind, randomised trial. (Ljøstad U, Skogvoll E, Eikeland R, Midgard R, Skarpaas T, Berg A, Mygland A., 2008. Lancet Neurol. 2008 Aug;7(8):690-5)

 

Formålet med arbeidet var å undersøke om oral doxycyclin var like effektivt som intravenøs ceftriaxon i behandling av Europeisk Lyme nevroborreliose hos vaksne pasientar. Utvalget av pasientar vart gjort etter kriterier som både omfatta kliniske symptom og funn i spinalvæske. Dei aller fleste pasientane (ca 90%) hadde hatt symptom i mindre enn 6 månader.

I behandlingsperioden fekk alle pasientane både infusjon og tablettar, men berre den ein av dei inneheld reelt virkestoff. Effekt av behandling blei målt som forbedring i klinisk score (poeng frå 0-64, 0=best) fra start og til dag 13, og ved oppfølging etter 4 månader. I tillegg blei celletall i spinalvæske målt på dei same tidspunkta. Dei pasientane som hadde 0 i klinisk score blei rekna som fullstendig friske etter 4 månader.

Resultata viste at gjennomsnittleg forbedring i klinisk score var lik i dei to behandlingsgruppene etter 4 månader. Det var heller ikkje forskjell mellom gruppene i andel heilt friske pasientar etter 4 månader. Andel heilt friske i dei to gruppene var berre 48% for doxycyclin og 33%  for ceftriaxon. Omkring 60 % av pasientane, likt fordelt mellom behandlingsgruppene, hadde restsymptom etter 4 månader. Om lag halvparten av desse hadde symptom klassifisert som objektive, men milde (ansiktslammelse, nevropati, radiculopati, etc; desse kan gi nevrologiske symptom som er alvorlege nok for den enkelte pasient). Resten hadde subjektive plager som utmattelse, smerter og kognitive problem.

Pasientar som hadde tidleg Lyme nevroborreliose hadde signifikant (p<0.0001) større forbedring enn dei med sjukdom i seinare stadium, og dette var likt for begge behandlingsgruppene. Dette var faktisk den einaste klart signifikante forskjellen som vart funne i studien, og dette funnet burde dermed fått mykje større oppmerksomhet!

Studien viser klart at doxycyclin og ceftriaxon er likeverdige med omsyn til behandlingseffekt for Lyme neuroborreliose ved ei behandlingtid på 14 dagar. Ved slik behandling kan ein rekne med at 33-48% av pasientane blir fullstendig friske, i alle fall pasientar som har hatt symptom i mindre enn 6 månader.

Forfattarane legg fram problemstillinga med ulike stammer av Borrelia.  Dei viser til litteratur som indikerer at forskjellige stammer av Borrelia kan gi forskjellar i klinisk bilde og i laboratoriefunn, og at forskjellige stammer kan ha ulik følsomhet for antibiotika.

Vurdering:
Etter mi meining er dette eit svært godt designa forsøk for å samanlikne effekt av to behandlingar over ein definert tidsperiode. Forsøksarbeid og databehandling er godt gjennomført. Når det kjem til konklusjonen er inntrykket svakare. Forfattarane sin konklusjon er: ”Dette forsøket viser at doxycyclin er ei effektiv behandling for Europeisk Lyme nevroborreliose i vaksne (oversatt)”. Eg kan ikkje vere enig i at studien gir grunnlag for denne konklusjonen.

Studien kan ikkje brukast som bevis på at 14 dagar behandling med nokon av desse medikamenta generelt er effektiv behandling for Lyme nevroborrliose. Dette er særleg viktig hvis det er snakk om pasientar som har hatt symptom i over 6 månader. Forsøket viste at behandlingsresultatet var markert dårlegare for dei pasientane som hadde vore sjuke i lengre tid

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss