Eg har fått ME-diagnose etter mange års sjukdom. Kan eg vere sikker på at det ikkje skuldast flått?

Nei, det kan du ikkje. Symptomlistene for ME og LB kan vere praktisk talt like, og det kan synes nokså tilfeldig kven som får den eine eller den andre diagnosen. Før du får ME- diagnosen skal LB ekskluderast som årsak. Dette blir stort sett gjort med ein antistofftest – som oftast Elisa. Nokre legar påstår at dei sjekkar dette heilt ut, og får tatt prøve på spinalvæske. Som du ser av fleire svar over, opplever mange LB-pasientar at antistofftestane varierar mykje, av og til positiv, men oftare negativ – uavhengig av om utgongspunktet er blod eller spinalvæske. Det er svært sannsynleg at mange av dei sterkt ramma ME-pasientane har ein underliggande borreliainfeksjon. I alle fall er eksklusjon av Lyme borreliose ofte gjort på svært tynt grunnlag.

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss