Eg har lese at ELISA-testen er veldig dårleg, og spurde derfor om Western Blot. Legen sa nei. Kvifor?
Testregimet i Norge tar utgangspunkt i at ELISA-testen er svært følsom, og at den fangar opp alle som har sjukdomen, men i tillegg mange som ikkje er sjuke. Dei som testar positivt på Elisa blir deretter testa med WB – som blir påstått å vere langt meir spesifikk enn Elisa. Etter dette skal det treff både på Elisa og WB til før antistofftesten blir tolka som positiv. Mange hevdar at forutsetninga knytt til Elisa sviktar fullstendig, og at svært mange med LB glepp gjennom. Når WB ikkje blir tilbydd i første fase, er det primært ei kost/nytte-vurdering. WB er langt meir ressurskrevjande å gjere, og det er meir eller mindre fast prosedyre at berre spesialistar (nevrologar / infeksjonsmedisinarar) får rekvirere WB, og då etter positiv Elisa.