Eg har testa negativt for Borrelia, – betyr dette at eg ikkje har LB?
Nei, – på ingen måte. Positiv antistofftest gir berre støtte for diagnose, og negativt utfall kan på ingen måte brukast for å ekskludere LB som årsak. Litteraturen er full av dokumentasjon på pasientar med ’sikker’ LB, og som berre unntaksvis gir positivt utslag på antistofftestar. Dette gjeld prinsipielt både blod og spinalvæske, og uavhengig av testmetode. Avisene er fulle av historier om pasientar som etter år med tung lidelse får utslag på antistofftestar, og som responderar på behandling.
Når det gjeld anna metodikk for påvisning (mikroskopi, dna-analyser mv.), er faren for falsk negativ endå større enn for serologi. Sjå stoff om laboratoriestøtte for meir informasjon.