Er testmetodane for påvisning av LB gode nok?
Nei. Testmetodane er svake, med altfor stor fare for falsk negativt resultat. Dessverre har fleire legar altfor stor tru på desse serologiske testane som verktøy for å påvise eller utelukke LB. Dessverre er det heilt vanleg å tolke negativt svar som absolutt bevis på at pasienten ikkje har infeksjon. LB er ei klinisk diagnose, det vil seie at legen skal først og fremst sjå på symptoma til pasienten, og antistofftestane skal berre gi støtte for konklusjonen.
Mange – svært mange – pasienterfaringar tyder på at antistofftestane varierer mykje, uavhengig av om utgangspunktet er blod eller spinalveske. Dette er heilt vanlege erfaringar, også for pasientar med langvarig lidelse. Dei testane som vanlegvis blir gjort i helsevesenet, bygger på antistofftesting. Det finnes fleire lovande metodar som ennå ikkje er tatt inn som standardanalyse – dette omfattar m.a. immunkompleksmåling, CD 57. Mange vil også hevde at metodar for direkte påvisning – PCR eller avansert mikroskopi – burde ha vore brukt.