Kva behandling er det vanlig å gi mot Lyme Borreliose?

For fersk infeksjon er det vanlig å behandle med 200 mg doxycyclin / dag over 14 dagar. I dei aller fleste tilfella er dette nok. For pasientar som har fått diagnose etter langvarig sjukdom, er det stor usemje rundt behandling. Det er ikkje uvanleg å behandle alle – uansett varigheit på sjukdom – med 200 mg doxycyclin oralt. Andre påstår at dette er feil strategi, både ang. valg av antibiotika, mengde og behandlingsperiode. Fleire miljø rapporterar om oppløftande resultat ved bruk av kombinasjonsterapi. Ofte går metronidazol eller tinidazol inn i slike behandlingsopplegg. Det er heller ikkje uvanleg å bruke intravenøs doxycyclin eller klaritromycin (oralt) mot Lyme Borreliose. Responsen varierar mykje frå pasient til pasient.

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss