Kan flåtten gi andre sjukdomar enn Lyme borreliose?

Det er kjent frå utanlandsk litteratur at flåtten kan overføre m.a. Borrelia, Anaplasma, Bartonella, Neoehrlichia, Rickettsia og Babesia. Dette er zoonoser, dvs. dei går ikkje berre på menneske, men på fleire varmblodige vertar. Alle dei nemnde er velkjente både på husdyr og menneske i Europa og USA, medan berre Borrelia får oppmerksomheit i humanmedisinen her heime. Det er meir og meir som tyder på at Anaplasma er ei viktigare årsak enn rovdyr ift. sauetap for store delar av landet. Organisma finnes i faunaen i stort monn, og det kan vere grunn til å sjå nærare på mulige konsekvensar i humanmedisinen.

Det er også sterke indikasjonar på at Borrelia og m.a. Anaplasma kan forekomme samtidig. Anaplasma gir svekka immunforsvar (angrip kvite blodceller og milt), og kan bidra til å gjere konsekvensane av ein samtidig borreliainfeksjon alvorlegare. Desse mekanismene er velkjente, men det er fortsatt uklart kva omfang det har i norsk samanheng.

 

 

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss