Laboratorier i utlandet

Side 5 av 8

Igenex Inc – Palo Alto , California, USA

Igenex har spesialisert seg på laboratoristøtte for diagnostikk av flåttbårne sjukdomar – med spesiell vekt på Borrelia. Igenex tilbyr både antistofftesting og molekylærbiologiske undersøkelsar.  Laboratoriet har godt rykte, og har hjelpt veldig mange pasientar til sikkerheit om årsak.
Det er imidlertid grunn til å vere oppmerksom på nokre ulemper ved bruk av Igenex. For det første er problemet rundt logistikk og frakt større enn for europeiske laboratorier (lengre transporttid, samt mulige problem knytt til import). For det andre er aktuelle stammer litt forskjellig i USA, m.a. er B.afzeeli og B.garinii ikkje aktuelle ved analyse av materiale frå amerikanske pasientar. Dette KAN gi lavare treffprosent for prøver frå Norge. Det tredje poenget som du kanskje bør vektlegge, er at Igenex har stått sentralt i War of Lyme (sjå egen artikkel), og i nokre samanhengar kan dette tenkjast å ha betydning for korleis klinikarar (m.a. i Norge) vil tolke analyserapportane.

Les meir om tilbudet frå Igenex

Side
NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss