Informasjon om Lyme Borreliose

Om Lyme borreliose

Lyme borreliose (LB) er høyst sannsynlig både underdiagnostisert og undervurdert. Sykdomsbildet er sammensatt og variert, Lyme borreliose er vanskelig å påvise og kan være enda vanskeligere å utelukke. Sykdommen kan være invalidiserende med livslangt perspektiv. Det er god grunn til å frykte at mange lider av langt fremskreden Lyme borreliose uten å ha fått riktig diagnose eller adekvat behandling. Symptomene ved fersk sykdom er vanligvis godt kjent blant helsepersonell, men kompetansen på langvarig lidelse er omtrent fraværende. Det har lenge vært en vanlig oppfatning at borreliose ikke kan bli kronisk, og at …

Symptomer

Symptomer Lyme borreliose-pasienter kan ha svært forskjellig sykdomsbilde Bakterien kan spres til flere organer og vev i kroppen, og påvirke disse i forskjellig grad. Variasjonen i symptomer er st…

Laboratorietester

Laboratorietester Det fins ingen 100 % sikker test for å påvise ein Borrelia-infeksjon. Dette er faktisk alle fagfolk enige om. Derfor står det i så og seie alle artiklar om Lyme borreliose at det…

Behandling

Behandling og valg av antibiotika er ei sak for autorisert lege Valg av behandlingsopplegg for seint stadium av Lyme borreliose er omstridt. Den amerikanske organisasjonen IDSA står for …

Bitt av flått – hva gjør jeg?

Husk at det bare er en brøkdel av alle flåttbitt som fører til infeksjon. Likevel, antallet flått som bærer med seg smitte er så høyt at det alltid er mulig at akkurat den som bet deg kan gi infeksjon. Og dessuten – har du fått ett flåttbitt, er det  ikke usannsynlig at du har flere. Gå systematisk over hele kroppen. I dagene etter bittet må du se etter utslett rundt bittstedet. Det klassiske utslettet (Erythema migrans, EM) kommer som regel i løpet av de første ukene etter bittet – dersom det kommer. Det er ikke mer enn halvparten av de som blir smittet som får utslett, og det er langt færre som blir oppmerksom på det. Derfor bør du også være oppmerksom på alt annet som kan forbindes med tidlig Lyme borreliose – ikke minst influensalignende symptomer. Symptomene som du får den første tiden etter bittet er helt fo…

Helsehjelp i utlandet

Til tross for utallige pasienterfaringer og stadig mer omfattende dokumentasjon sier helsevesenet at Lyme borreliose svært sjelden blir kronisk. LB blir ofte utelukket med negativ serolog…

Andre flåttbårne sykdommer

Andre flåttbårne sykdommer Det er velkjent at flåtten kan overføre en lang rekke sykdommer både til dyr og mennesker. Sykdommer som finnes både hos dyr og mennesker kalles zoonotiske sykdommer, og…

Forebygging

Alle som er ute på tur i områder med flått risikerer å bli bitt. Noen merker det, andre merker det ikke. Noen flått har smitte som de overfører til mennesker. H…

Ofte stilte spørsmål

Kan flåtten gi andre sjukdomar enn Lyme borreliose?

Det er kjent frå utanlandsk litteratur at flåtten kan overføre m.a. Borrelia, Anaplasma, Bartonella, Neoehrlichia, Rickettsia og Babesia. Dette er zoonoser, dvs. dei går ikkje berre på menneske, men på fleire varmblodige vertar. Alle dei nemnde er velkjente både på husdyr og menneske i Europa og USA, medan berre Borrelia får oppmerksomheit i humanmedisinen her heime. Det er meir og meir som tyder på at Anaplasma er ei viktigare årsak enn rovdyr ift. sauetap for store delar av landet. Organisma finnes i faunaen i stort monn, og det kan vere grunn til å sjå nærare på mulige konsekvensar i humanmedisinen.

Det er også sterke indikasjonar på at Borrelia og m.a. Anaplasma kan forekomme samtidig. Anaplasma gir svekka immunforsvar (angrip kvite blodceller og milt), og kan bidra til å gjere konsekvensane av ein samtidig borreliainfeksjon alvorlegare. Desse mekanismene er velkjente, men det er fortsatt uklart kva omfang det har i norsk samanheng.

Kan flåtten overføre fleire sjukdomar? Kan eg ha fått fleire infeksjonar samtidig?

Ja, det er slett ikkje uvanleg med fleire samvirkande infeksjonar. Det er kjent at flåtten spreier fleire andre viktige sjukdomsframkallande organismer, som Anaplasma, Bartonella,  Neoehrlichia, Rickettsia helvetica og Babesia. Dette er velkjent problematikk i mange andre land, men blir ikkje rekna som spesielt viktig i humanmedisinen hos oss. Sannsynlegvis er her mykje ugjort arbeid. Både Anaplasma og Bartonella er velkjente i veterinærmedisinen her i landet, og der er ingen rimeleg grunn til at dei ikkje skal gå på nordmenn.

Legen spør om eg har blitt bitt av flått. Er flåttbitt vanlig eller sjeldan?

Den som bur i område med mykje flått får sannsynlegvis fleire / mange bitt gjennom året. Det er ikkje sjeldan å høyre om bærplukkarar eller jegerar som har fjerna titals flåttar frå kroppen etter ein dag ute i terrenget. Å knytte diagnose opp mot kjent flåttbitt er derfor ein svært usikker metode.

Er det berre flåtten som kan overføre borreliabakterien?

Bakterien er identifisert i fleire andre mulige vektorar, men det er ikkje dokumentert at andre arter spelar noko rolle for spreiing av sjukdomen.

Kan eg få flåttbitt heile året rundt?

Flåtten er potensielt farleg både tidleg på vår og seint på hausten. Den treng berre 5–6 grader celsius for å bli aktiv. Bortsett frå perioder med frost eller snødekke, er det potensielt risiko for flåttsmitte i utsette område.

Er testmetodane for påvisning av LB gode nok?

Nei. Testmetodane er svake, med altfor stor fare for falsk negativt resultat. Dessverre har fleire legar altfor stor tru på desse serologiske testane som verktøy for å påvise eller utelukke LB. Dessverre er det heilt vanleg å tolke negativt svar som absolutt bevis på at pasienten ikkje har infeksjon. LB er ei klinisk diagnose, det vil seie at legen skal først og fremst sjå på symptoma til pasienten, og antistofftestane skal berre gi støtte for konklusjonen. 

Mange – svært mange – pasienterfaringar tyder på at antistofftestane varierer mykje, uavhengig av om utgangspunktet er blod eller spinalveske. Dette er heilt vanlege erfaringar, også for pasientar med langvarig lidelse. Dei testane som vanlegvis blir gjort i helsevesenet, bygger på antistofftesting. Det finnes fleire lovande metodar som ennå ikkje er tatt inn som standardanalyse – dette omfattar m.a. immunkompleksmåling, CD 57. Mange vil også hevde at metodar for direkte påvisning  – PCR eller avansert mikroskopi – burde ha vore brukt.

Jeg har blitt bitt av en flått! Hva skal jeg gjøre?

Du skal følge nøye med på hva som skjer. Har du fått ett flåttbitt, er det slett ikke usannsynlig at du har flere. Gå systematisk over hele kroppen. Se etter utslett rundt bittet. Du bør også være oppmerksom på alt som kan forbindes med tidlig Lyme Borreliose – ikke minst influensalignende symptom. Dersom du får flere indikasjoner på sykdom, skal du gå til lege umiddelbart. Du får uansett ikke antibiotikabehandling bare på grunn av flåttbittet – så det beste du kan gjøre er å følge nøye med, helt til du kan blåse faren over.

Har alle med LB dei same symptoma?

Nei, på ingen måte. I første fase er det få, og forholdsvis lett gjenkjennbare symptom, men etter kvart blir sjukdomsbilda svært forskjellige. Langvarig utmattelse og kognitive problem går igjen hos mange, ellers er det stor variasjon mellom pasientane. Sjå listene over vanlege symptom.

Er utslettet alltid ringforma?

Det karakteristiske EM – med eit mørkt midtfelt, omgitt av eit lysare område som er omkransa av ein raud ring (’bull’s eye’), er lett gjenkjennbart og har stor diagnostisk verdi. Dessverre er IKKJE alle utsletta slik. Dei kan ha ulik form og ulik størrelse, og kontrastane treng ikkje å vere så skarpe at pasienten gjenkjenner mønsteret. Dessutan kan desse utsletta vere overalt på kroppen – også under hårvekst.

Finnes det vaksine mot LB?

Nei – det finnes for tida ikkje noko godkjent vaksine mot Lyme borreliose. Det er ikkje enkelt å utvikle vaksine mot LB – og det er ikkje venta noko snarleg gjennombrot.

 Av og til høyrer vi om vaksinering og flåttbitt – men dette dreiar seg om TBE-viruset som også blir overført med flått. TBE-viruset er så langt sjeldan i Norge.

Eg har testa negativt for Borrelia, – betyr dette at eg ikkje har LB?

Nei, – på ingen måte. Positiv antistofftest gir berre støtte for diagnose, og negativt utfall kan på ingen måte brukast for å ekskludere LB som årsak. Litteraturen er full av dokumentasjon på pasientar med ’sikker’ LB, og som berre unntaksvis gir positivt utslag på antistofftestar. Dette gjeld prinsipielt både blod og spinalvæske, og uavhengig av testmetode. Avisene er fulle av historier om pasientar som etter år med tung lidelse får utslag på antistofftestar, og som responderar på behandling.

Når det gjeld anna metodikk for påvisning (mikroskopi, dna-analyser mv.), er faren for falsk negativ endå større enn for serologi. Sjå stoff om laboratoriestøtte for meir informasjon.

Kan LB utvikle seg til andre alvorlege nevrologiske sjukdomar som MS eller ALS?

Nokre LB-pasientar har sjukdomsbilde som har mange fellestrekk med ALS eller MS. Dette går på støt gjennom kroppen, lammelser, koordineringsproblem og fleire andre symptom. Nokre forskarar har jobba med grenseflata mellom LB og andre nevrologiske lidelsar i lang tid, og det blir påstått forbindelse mellom LB og MS /ALS, og mellom LB og Alzheimer.

Her er det åpenbart mykje ugjort arbeid, og det er foreløpig uråd å konkludere med om samanfall i sjukdomsbilde er basert på tilfeldigheiter, eller om her er biologiske fellesnemnarar.

Korleis blir LB diagnostisert?

Dei fleste som får diagnosen LB veit at dei nylig er bitt av flått, og dei kan vise fram det karakteristiske utslettet – Erythema Migrans (EM). Eventuelle ansiktslammelsar gir ytterlegare støtte for LB-diagnose. EM er i seg sjølv bevis på LB, og ytterlegare dokumentasjon er ikkje nødvendig. For personar som har hatt langvarige symptom, er situasjonen annleis. Legen tar utgangspunkt i dei symptoma pasienten har (sjå symptomlistene), og brukar antistofftesting som støtte for vurderinga. Den vanlige prosedyren ved mistanke om LB er først å ta ei blodprøve for analyse vha. ELISA-metodikk. Er denne negativ, blir LB som oftast avvist som årsak til sjukdom. Er denne første prøva positiv, er det vanleg at det blir tatt nye antistofftestar – ofte både i blod og spinalvæske. Desse prøvene blir analysert ved hjelp av Western Blot-teknikk. Er også WB positiv, vil pasienten mest sannsynleg få LB- diagnose. Sjå elles omtalen av laboratoriestøtte.

Eg har fått diagnosen LB, og får no behandling. Er det sikkert at eg blir frisk?

Nei – dessverre er behandling ikkje ein garanti for å bli frisk. For pasientar som får tidleg diagnose og tidleg behandling, er utsiktene gode. For pasientar som går i lang tid – ofte fleire år – er vegen tilbake til eit vanleg liv mykje lengre. Mange opplever sterk forbedring av god antibiotikabehandling, men mange fell tilbake når behandlinga stansar. For andre er effektane av behandling varige.

Er utslettet alltid det første symptomet?

Utslettet kjem ofte nokre få dagar etter infeksjonen. Men – sannsynlegvis er det færre enn 50 % som får utslettet, og endå færre som oppdagar det. Atypiske utslett kan dessutan kome og forsvinne fleire gongar gjennom sjukdomsforløpet. Det er minst like vanleg at influensaliknande symptom er den første indikasjonen på sjukdom. Denne influensaen går imidlertidig ikkje lett over. Andre symptom i tidleg fase kan vere ansiktslammelsar på eine sida, uregelmessig puls og etter kvart kjensla av å vere utmatta.

Eg har fått ME-diagnose etter mange års sjukdom. Kan eg vere sikker på at det ikkje skuldast flått?

Nei, det kan du ikkje. Symptomlistene for ME og LB kan vere praktisk talt like, og det kan synes nokså tilfeldig kven som får den eine eller den andre diagnosen. Før du får ME- diagnosen skal LB ekskluderast som årsak. Dette blir stort sett gjort med ein antistofftest – som oftast Elisa. Nokre legar påstår at dei sjekkar dette heilt ut, og får tatt prøve på spinalvæske. Som du ser av fleire svar over, opplever mange LB-pasientar at antistofftestane varierar mykje, av og til positiv, men oftare negativ – uavhengig av om utgongspunktet er blod eller spinalvæske. Det er svært sannsynleg at mange av dei sterkt ramma ME-pasientane har ein underliggande borreliainfeksjon. I alle fall er eksklusjon av Lyme borreliose ofte gjort på svært tynt grunnlag.

Kva behandling er det vanlig å gi mot Lyme Borreliose?

For fersk infeksjon er det vanlig å behandle med 200 mg doxycyclin / dag over 14 dagar. I dei aller fleste tilfella er dette nok. For pasientar som har fått diagnose etter langvarig sjukdom, er det stor usemje rundt behandling. Det er ikkje uvanleg å behandle alle – uansett varigheit på sjukdom – med 200 mg doxycyclin oralt. Andre påstår at dette er feil strategi, både ang. valg av antibiotika, mengde og behandlingsperiode. Fleire miljø rapporterar om oppløftande resultat ved bruk av kombinasjonsterapi. Ofte går metronidazol eller tinidazol inn i slike behandlingsopplegg. Det er heller ikkje uvanleg å bruke intravenøs doxycyclin eller klaritromycin (oralt) mot Lyme Borreliose. Responsen varierar mykje frå pasient til pasient.

Eg har lese at ELISA-testen er veldig dårleg, og spurde derfor om Western Blot. Legen sa nei. Kvifor?

Testregimet i Norge tar utgangspunkt i at ELISA-testen er svært følsom, og at den fangar opp alle som har sjukdomen, men i tillegg mange som ikkje er sjuke. Dei som testar positivt på Elisa blir deretter testa med WB – som blir påstått å vere langt meir spesifikk enn Elisa. Etter dette skal det treff både på Elisa og WB til før antistofftesten blir tolka som positiv. Mange hevdar at forutsetninga knytt til Elisa sviktar fullstendig, og at svært mange med LB glepp gjennom. Når WB ikkje blir tilbydd i første fase, er det primært ei kost/nytte-vurdering. WB er langt meir ressurskrevjande å gjere, og det er meir eller mindre fast prosedyre at berre spesialistar (nevrologar / infeksjonsmedisinarar) får rekvirere WB, og då etter positiv Elisa.

Hva kan jeg gjøre for å unngå problemer under langvarig antibiotikabehandling?

For å unngå problemer med magen er det er viktig å bruke probiotika hele tiden mens du tar antibiotika. Det er mange typer probiotika å få kjøpt, både på apotek og helsekostbutikker. Dette er kapsler som inneholder forkjellige melkesyrebakterier og andre bakterier som skal finnes i riktige mengder i normal tarmflora. Antibiotika vil drepe tarmbakterier også, og da er det viktig å fylle på med nye etter hvert. Du bør vente et par timer fra du tok antibiotika til du tar probiotika. Det kan også være greit å spise youghurt som er laget med disse ”gode” typene melkesyrebakterier, gjerne samtidig som du tar kapslene med probiotika.

Sopp (Candidae) kan også bli problematisk når man tar antibiotika over lang tid, men det er ting du kan gjøre som kanskje kan redusere problemet. Mange Lyme-leger anbefaler et kosthold med lite sukker og lettfordøyelige karbohydrater, slike næringsstoffer ser ut til å gi gode vilkår for soppen. Der er litt forskjellige meninger om hvor streng man skal være med karbohydrater. Noen sier at man skal unngå alt sukker og all stivelse, mens andre sier at det viktigste er å unngå sukker og hvitt mel.

Finnes det flått over heile landet?

Nei – nordgrensa for flått går ein eller annan stad i Nordland – kanskje opp mot polarsirkelen – og den overvintrar heller ikkje i innlandet. Det er likevel registrert flått på mindre lokalitetar i innland og langt nord i landet. Det kan vere grunn til å anta transport med fugl. Det blir hevda at det er flest flått på sør- og sørvestlandet, men statistikken er på ingen måte sikker. Langs heile kyststripa opp til Nordland er flåtten svært vanleg.

Hvilke tester kan jeg ta for å finne ut om jeg har Lyme borreliose?

Det finnes mange ulike tester. Se egen artikkel om Laboratorietester for grundigere omtale. Testene kan grovt sett deles i 2 hovedgrupper

1. Indirekte tester
De som leter etter antistoffer som kroppen har produsert som forsvar mot borreliainfeksjon.
Disse antistoffene er ikke bevis, men sterke indikasjoner på at pasienten har eller har hatt infeksjon. 
Av de vanligste i denne gruppen er;
Elisa-metoden – brukes av de fleste norske sykehus og er den vanligste testen du får hos fastlegen.
Western blot-metoden – bare noen få laboratorier tilbyr denne, og i Norge er det som regel nødvendig med rekvisisjon fra spesialist. WB blir ofte brukt for å etterprøve positivt utslag ved Elisa.
Immunkomplex –  foreløpig ikke en standardtest – blir brukt i forsøkssammenheng ved Sykehuset i Vestfold.
Elispot – Brukes ved Borreliose Centrum Augsburg i Tyskland (kan også tas ved Lab1).

Husk at forskjellige laboratorier kan bruke testsett med litt forskjellige egenskaper.

2. Direkte påvisning
Dette er metoder for direkte påvisning av Borrelia i blodet (eller andre biologiske prep.). Dette går enten på dyrking, fluorescensmikroskopi eller påvisning av artsspesifikk DNA.  Sannsynligheten for falsk negativ ved direkte påvisning er stor, men samtidig er påvisning ved en av de aktuelle metodene veldig nær et faktisk bevis på aktiv infeksjon. Helsevesenet tilbyr ikke disse testene i dag. Spesielt PCR-teknologien (påvisning av DNA) er i rask utvikling, og flere laboratorier rapporterer nå om stor treffsikkerhet.

Og husk: Ingen test kan utelukke Lyme borreliose.

Hva er ryggmargstest (spinalpunksjon)?

Spinalpunksjon blir ofte kalla ryggmargsvæskeprøve, ryggmargsprøve eller ryggmargstest på ”folkemunne”.  Dette er ein svært vanleg prøve som nevrologane tar for å kunne stille eller utelukke forskjellige diagnoser. Prøven blir tatt ved at legen stikk ei nål inn mellom ryggvirvlane til hulrommet der ryggmargen ligg, godt beskytta av spinalvæska og med ei hinne ytterst. Stikket lagar hol, punkterer denne hinna, derfor spinalpunksjon. 

Prøven av spinalvæske blir analysert for mange ting, for eksempel antall kvite blodceller, mengde glukose og mengde protein, – i tillegg til antistoff mot bakteriar og virus som kan gi infeksjon i sentralnervesystemet. Borrelia er kanskje den mest vanlege bakterien som gir slik infeksjon her i landet, og ved mistanke om nevroborreliose blir det alltid tatt spinalpunksjon. Det er mulig å ha borreliose sjøl om det ikkje gir utslag i spinalvæske, spesielt om du er infisert av Borrelia afzelii. Ryggmargstest kan på ingen måte brukast til å utelukke Lyme borreliose.

Hvilke symptomer kan man få av Borrelia?

En Borrelia-infeksjon gir veldig forskjellige symptomer tidlig og sent i sykdomsbildet. I tidlig fase (dager eller uker etter man blir smittet med Borrelia) får noen influensalignende symptomer, mens andre merker ingenting.

I kronisk fase (over ett år etter man fikk Borrelia-smitten) kan man ha symptomer fra så godt som alle organ i kroppen. Infeksjonen som man kan få av Borrelia, kalles ofte den store sykdomsimitatoren, fordi den kan gi så vidt forskjellige symptomer.

Les mer om symptomer på Borrelia her (symptomliste).

NLBF mobil

©  Norsk Lyme Borreliose - Forening  
Orgnr: 893991662 

Kontakt

Følg oss